Ørskog skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule for 1.–10. trinn og inneheld SFO, kulturskule og voksenopplæring. Skulen er bygd saman med svømmehallen, og ligg tett attmed allereie etablert idrettshall og utandørs fotballbaner. Prosjektet har høge krav til generalitet og fleksibilitet. Det er lagt vekt på at skulen skal vere robust og ha gode prinsipp for universell utforming.

Bygningskroppen er sett saman av eit hovedvolum og tre trinnvolum; småskuletrinnet (1.-4.), mellomskuletrinnet (5.-7.) og ungdomsskuletrinnet (8.-10.). Plasseringa, samt dei utstikkande «fingervoluma» skapar ein romleg variasjon i uteområda og gir naturlege nærområde til elevane og vaksenopplæringa.

Uteareala ligg vest- og sørvendt og har god tilgang til variert terreng med tanke på topografi, vegetasjon og utsikt. Uteareala er tilrettelagde for aktivitetar som gir rom for kreativitet, samhandling, fysisk utfolding, meistring og trening av grov- og finmotorikk.  Her er stille soner og område som inviterar til høg aktivitet – her kan dei sjølve organisere seg, men her er også areal som kan nyttast i den praktiske undervisninga.

English summary
The playground of the school is carefully planned according to the demands of the rough climate, including wind directions, rain and sunlight. Every child – regardless of age, sex and activity preference – will find an area where they feel safe and can interact with others. Some children want to use a lot of energy, others want quiet games, while some are observers of other children's activities.

Prosjektfakta

Kategori: Skoleanlegg, barnehager

Beliggenhet: Ørskog, Møre og Romsdal

Oppdragsgiver: Ørskog kommune v/teknisk sjef Morten Sloth-Fjordside

Byggeår: 2018

Prosjektperiode: 2015–2018

Areal/størrelse: 6.400 m2 (bygning)

Kostnad inkl. MVA: 205 mill. kr (bygninger og uteareal)

Prosjektansvarlig: David Lawford MNLA

Landskapsarkitekt: Nordplan AS - avd Ålesund

Entreprenør: Veidekke Entreprenør AS

Arkitekt: Nordplan AS og Oddvar Ekroll MNAL

Nordplan AS - avd Ålesund

  • Ørskog skule uteområde 11
  • Ørskog skule uteområde 12
  • Ørskog skule uteområde 15

Liknende prosjekter