Du er her: Forsiden Prosjekter Skansekaia

Skansekaia


Skansekaia ligg sentralt i Ålesund og har historisk sett vore eit viktig område for kysttrafikk og maritime funksjonar. Gjennom prosjektet har store parkeringsareal og område for godsterminal og lager blitt erstatta av tre nye kontorbygg, samtidig som kaifunksjonar og den verna delen av bebyggelsen er teke vare på. Bygningsvolumet er delt opp, og høgda på dei tre bygga er gradvis trappa ned frå aust mot vest, for å tilpasse seg til storleiken til dei omkringliggande bygningane. Det som tidlegare var ein lite besøkt del av sentrum, utgjer no eit positivt førsteinntrykk for cruise- og Hurtigrutepassasjerar og er blitt ein triveleg stad for innbyggarar å spasere og opphalde seg. Kaifunksjonane, båttrafikk og den varierte utsikten mot byen eller ut mot havet, bidreg til å gjere området spennande og attraktivt.
Prosjektfakta
Landskapsarkitekt: Gullik Gulliksen Vest AS, Gullik Gulliksen AS, Oslo
Kategori: Havn, sjøfront, kaianlegg
Beliggenhet: Ålesund, Møre og Romsdal  
Oppdragsgiver/Byggherre: Skansekaia Utvikling AS
Byggeår/Ferdigstilt: 2016
Prosjektperiode: 2011-2016
Areal/Størrelse: 9900 m2
Prosjektansvarlig: Siri A. Myklebust MNLA
Ansvarlig landskapsarkitekt: Siri A. Myklebust MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Siri A. Myklebust, Gullik Gulliksen og Bente Sølvi Toverød, alle MNLA
Rådgivere/konsulenter: Tømmerdal Consulting AS, Riksheim Consulting AS, Karl Kvalsund AS m.fl.
Entreprenør: Hent AS
Anleggsgartner: Jan Erik Sandal AS
Underleverandører: Bjørdal Industrier AS, AKB Lighting AS, Vestre AS m.fl.
Kunstner: Arne Martin Hansen (Hundevakta) og Ole Lislerud (Ignis)
Arkitekt: Slyngstad Aamlid Arkitekter AS
Priser i konkurranser: Ålesund kommunes byggeskikkpris/Byplansjef Olav Høydals minnepris 2016
Annet: Foto: Siri A. Myklebust  

Prosjektet er gjennomført som totalentreprise og omfattar adkomstareal for dei tre kontorbygga, gateløp, fortau, park og plassar. Parken ligg ved innkøyringa til området – med grøne terrengformer og varierte plantingar, med tregrupper, buskfelt, hekkar og staudefelt. Romdannande murskiver skjermer for nordavinden og skjuler nedkøyringa til parkeringskjellaren. Parken har leikefunksjonar i form av ein stor tallerkenkarusell og balansestolpar. På eit mindre plassdekke med innfelte område for sommarblomster, står skulpturen «Hundevakta» til minne om krigsseglarane. Uteservering for ein kiosk grensar også inn mot parken.

Sentralplassen strekker seg på tvers av kaia i nord–sør retning, og frå gavl til gavl på nye og bevarte bygg. I nord har plassen eit større amfi med ei universelt utforma rampe integrert. Frå utkikksområdet på toppen kan ein sjå nordover mot øyane utanfor byen, og sørover mot Brosundet. Sørlegaste del av sentralplassen har eit større tredekke som er utforma rundt det eksisterande bybrannmonumentet «Ignis» som består av fire søyler med fotografi frå tida etter bybrannen i 1904. Plassen har også store staudebed, tregrupper og tre boga skjermveggar som gir ly mot vinden og danner rom for sitteplassar. Skjermveggane er utforma i doble cortén stålplater, og er belyste frå innsida. Det laserskorne mønsteret er inspirert av organiske former i jugendstilkunst og bølger/hav. Heilt mot sør er ein brei plassbygd benk med utsyn til sjø og hamna.

Ålesund kommune har tildelt Byplansjef Olav Høydals minnepris (Byggeskikkprisen) for 2016 til Skansekaia. I grunngivinga for tildelinga vert utforming av bygningsvoluma og uteområda trekt fram: «Prosjektet bidrar gjennom sin bevisste satsing og vektlegging på offentlige plassdannelser, park­områder og kaipromenade til å revitalisere Brosundets nordlige utløpsområde for allmenheten».

 

Foto: Siri A. Myklebust (Bildet er beskyttet av opphavsrett)

Norske landskapsarkitekters forening

Josefines gate 34
0351 Oslo
tlf: +47 23 33 24 60
epost: post@landskapsarkitektur.no
Alle rettigheter © Norske landskapsarkitekters forening. Gjengivelse av innhold kan kun skje når kilde oppgis.
Design: Bjørn Amund Enebo | CMS: Webscape