(Åpent brev til Olje- og energidepartementet 19.1.2010)
Vi viser til NVE sine vedtak om å gi Statnett konsesjon til å bygge 420-kV kraftlinjer frå Sogndal til Ørskog og frå Sima til Samnanger i Hardanger.
På bakgrunn av ”Arkitektur NÅ”, oppfordrar Norske landskapsarkitekters forening Olje- og energidepartementet til å legge fram dei aktuelle sakene for Nasjonal turistveg og prosjektet sitt arkitekturråd. Anten skal ikkje kraftlinjene samlokaliserast med nasjonal turistveg, eller så meiner vi at problemet skal presenterast i ein internasjonal plan- og designkonkurranse.
Vi vil grunngi dette.
Bakgrunn
Vi er bekymra for korleis kraftlinjene berører det vestnorske fjordlandskapet. Delar av landskapet har fått sin rettmessige plass på verdsarvlista. Det inneberer at desse landskapa og kringliggande landskap har ei særskilt merksemd frå verdssamfunnet. Då har dei ikkje verdi berre lokalt, nasjonalt eller for turistar og andre som besøker desse områda. Landskapa har så stor verdi at berre det å vite at landskapa er der og at dei blir godt ivaretatt, framstår som særleg viktig. Det fell på Norge som nasjon å utøve dette ansvaret.
Norge har godkjent og forplikta seg til å følgje opp den europeiske landskapskonvensjonen, blant anna innanfor sektorpolitikk. På Miljøverndepartementet si nettside står om landskapskonvensjonen:
”konvensjonen krever tverrfaglighet. Ingen enkeltprofesjon eier landskapet; det er nødvendig å samarbeide (…) mellom forvaltningsnivåene; lokal og regional politikk(…)” og ”bevisstgjøre folk i det sivile samfunnet, private organisasjoner og offentlige etater”
Vi er i tvil om desse og andre forpliktelsar er ivaretatt.
Konfliktene med Nasjonal turistveg og Arkitektur NÅ
Statens vegvesen har fått mykje god merksemd rundt nasjonal turistveg, også internasjonalt. I 2006 fekk for eksempel Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen Architecture Reviews Award for Emerging Architecture for utsiktspunktet på Stegastein på Aurlandsfjellet.
Ved Rv. 13 over Gaularfjellet bygde vegvesenet i 2005 ei bru over Likholefossen, teikna av Arild Waage i Nordplan. På den same plassen vil du få førsteklasses utsikt til den nye 420-kV kraftlinja som Statnett no har fått løyve til å bygge. I Hardanger er Rv. 7, 13 og 550 viktige ledd i turistvegprosjektet. Alle desse prosjekta handlar om å iscenesette dei dramatiske landskapa nett for å vise at vi som nasjon tar inn over oss ansvaret med å forvalte dette viktige landskapet.
I august presenterte regjeringa Arkitektur NÅ, som eit første felles dokument for departementa, der målet er å meisle ut ein ny arkitekturpolitikk i landet. Meldinga viser til Den europeiske landskapskonvensjonen og korleis denne ”bygger bro mellom natur og kulturarv, (…) ikke bare landskap som anses som vakre eller spesielt verdifulle, men også hverdagsomgivelser”. Å minimalisere negative inngrep i landskapet, blir presentert som eit mål (s. 46). Ved behandling av konsesjonssøknader etter bl.a. energilova blir traséval, kamuflasje, landskapstilpassa ledningsdesign nemt som verkemiddel (s. 92).
Det er møtet mellom desse kraftlinjesakene og Nasjonal turistveg som viser at Arkitektur NÅ ikkje drøftar dette godt nok. For regjeringa seier der at norsk arkitektur også skal vere synleg internasjonalt. Norsk arkitektur skal forankrast i ”verdier og områder der Norge er et foregangsland, knyttet til blant annet (…) demokratiske prosesser, ansvarlig forvaltning av naturressurser, bærekraft og teknologi” (s. 98). Norsk Form presenterer no Nasjonal turistveg i New York og Strasbourg som vandreutstillinga Detour.
NVE har berre forholdt seg til Statens vegvesen som høyringspart. Statens vegvesen uttalar seg negativt til kraftlinjer som kjem i konflikt med planlagde turistvegprosjekt: ”Frå Sognefjorden til Fosseheimen. Eit fredfullt alternativ til stamvegane frå Sunnfjord til Sogn, langs verna vassdrag og stille fjordarm fram til turiststaden Balestrand. Ein strekning som kan inngå i mange rundturar.”
Dei peiker på negative konsekvensar for fjordlandskapet og jordbrukslanskapet mellom Gaular- og Rørvikfjellet. Vidare går det fram av brevet at nasjonal turistveg skal vurderast kvart femte år: ”med utgangspunkt i attraksjonens kvalitetsmål og særpreg. Uheldige reduksjoner av naturkvalitetene langs turistvegstrekninger kan således føre til tap av tildelt turistvegstatus. Kraftlinjer er ett eksempel på [ett enkelt inngrep som] kan føre til et slikt resultat.” Brev datert 2. juli 2007, Statens vegvesens referanse 2007/037118-002
Vi er ikkje kjent med om Statens vegvesen har gitt liknande uttalar til konsesjonssakene i Hardanger. Konflikta med Nasjonal turistveg vil likevel møte same problemstillingar. Liknande forhold gjeld også konfliktene med verdsarvområda i Geiranger og Nærøyfjorden. Sjølv om desse kraftlinjene ikkje kjem i direkte konflikt, kan det bli lagt vekt på korleis linjene møter inngangen til desse landskapsområda.
Dette kunne gitt ein meir utstrakt bruk av andre løysingar enn luftspenn i særleg kritiske landskapsregionar. For eksempel kjem det no nye kablingsteknologiar med bakgrunn frå oljeindustrien eller likestrømsløysingar som bør gjere det enklare å legge delar av linjene i sjø, tunnel eller veg. I møte med prosjekt som Nasjonal turistveg, kan dette gi rom til å utvikle arkitektonisk gode løysingar.
Forholdet til ny plan- og bygningslov
Departementet kan ”i den enkelte sak bestemme at endelig konsesjon (…) uten videre skal ha virkning som statlig arealplan” jfr. PBL §6-4 og §3-5 om å ivareta nasjonale interesser. På denne måten kjem også plan- og bygningslova sine formålsbestemmelsar som ”skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgaver og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressurser” til nytte. Dette er eit breiare formål enn Energilova §1-2.
NLA meiner eit slikt vedtak kan gi eit større rom til å drøfte ulike løysingar i konflikten mellom konsesjonssakene og Nasjonal turistveg som også femner om måla i Arkitektur NÅ. Ei slik tilnærming vil gjere det mogleg å stille vesentleg høgare kvalitetskrav enn i konsesjonssaker generelt, og dessutan gi betre rammer for samarbeid internt i Staten på arkitekturfeltet, enn desse sakene viser.
Konklusjon
Gjennomgangen viser dårleg samarbeid mellom forvaltningsnivåa. Blant anna krev møtet mellom kraftlinjeprosjekta og nasjonal turistveg arkitektfagleg spisskompetanse i bestillarrolla hos dei statlege etatane. Statens vegvesen har god tilgang på slik kompetanse. Vi kan derimot ikkje sjå at verken NVE eller Statnett har hatt tilsett landskapsarkitekt i perioden desse linjene har vore utgreidd. Det gjer utgreiingane til Statnett og konsesjonsbehandlinga hos NVE sårbare for landskapsfaglege vurderingar av konsept og overordna prinsipp, herunder forholdet til nasjonal turistveg.
Viss departementet står inne for dei linjetraséane som kjem i konflikt med nasjonal turistveg, må det kunne svare på følgjande spørsmål:
Korleis presenterer Norge løysingar på møtet mellom Nasjonal turistveg og dei aktuelle kraflinjene slik at dei framstår som det fremste av norsk arkitektur og samtidig ivaretar hensyna i den europeiske landskapskonvensjonen?
På denne bakgrunnen oppfordrar Norske landskapsarkitekters forening Olje- og energidepartementet til å legge fram dei aktuelle sakene for Nasjonal turistveg og då gjerne for arkitekturrådet som prosjektet har etablert. Det har god, tverrfagleg kompetanse til å vurdere spørsmålet over.
Anten skal ikkje kraftlinjene samlokaliserast med nasjonal turistveg, eller så meiner vi at problemet skal presenterast i ein internasjonal plan- og designkonkurranse som må kunne svare på korleis dette skal løysast.
Anne Bertine Fagerheim
President
Bård Magnus Fauske
Visepresident
Kopi til:
NVE
Statnett
Statens vegvesen, Turistvegprosjektet
Kulturdepartementet
Kommunaldepartementet
Miljøverndepartementet
Norsk Form
Kommunar og fylkeskommunar som er berørt av kraftlinja jf. konsesjonssaka.
Opposisjonspartia på Stortinget ved:
- Venstre
- Kristelig Folkeparti
- Høyre
- Fremskrittspartiet
NLA sine lokallag i:
- Hordaland,
- Sogn og Fjordane
- Møre og Romsdal
Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Arkitektnytt